TELEFON 
900 37 505
       
ADRESSE
Toppen 6 , 6763  HORNINDAL
Velkommen til Grodåsbakkane!
20 av 20 leilegheiter i første rekke er no seld!

Grodåsbakkane er eit nytt prosjekt der vi skal byggje ut inntil 68 sentrumsnære leilegheiter, alle med utsikt over Grodås sentrum, Hornindalsvatnet og fjella rundt. Trinn 1 er utseld og vi jobbar no med planlegging av trinn to (andre rekke). Er det av interesse å investere i leilegheit i trinn to høyrer vi gjerne frå deg. Det er mogleg å reservere leilegheiter i påvente av godkjent finansiering.

Klikk her for situasjonsplan.

Utbyggjar er Hornindal Eigedomsutvikling AS. Vi har dei siste åra bygd 49 sentrumsnære leilegheiter som alle er selde.

I Grodåsbakkane vil du vil finne leilegheiter i forskjellig prisnivå, alt etter storleik, plassering og innhald. Er du tilflyttar eller honndøl på jakt etter ny bustad, er du velkomen til å ta kontakt. Vi ønskjer å skape eit nytt godt og attraktivt bumiljø i Hornindal, der kvalitetane skal liggje like mykje i standard på leilegheit som sentrumsnærleik og nærleik til alle godene Hornindal har å by på.

Grodåsbakkane ligg sentralt med tanke på pendling både til Stryn, Nordfjordeid, Volda, Ørsta, Hellesylt, Stranda m.m. Grodås ligg langs E39 med 20 minutt køyretid til Stryn, 25 minutt til Volda og 35 til Nordfjordeid.


NB: Bileta for Grodåsbakkane er dataanimerte, og kan avvike noko frå endeleg resultat. 

Pågåande prosjekt

View more
Info om Grodåsbakkane.

Ferdige prosjekt

View more
Info om Ospegjerdet 3.

Ferdige prosjekt

View more
Info om Ospegjerdet 1 og 2.
Grodåsbakkane er eit nytt leilegheitsprosjekt der det er planlagd 68 leiligheiter
Grodåsbakkane!
Hornindal med sin sentrale beliggenheit langs E39 og fv 60 er i vekst og utvikling. Grodåsbakkane er eit nytt prosjekt der vi vil byggje ut inntil 68 leiligheiter. Du som kjøpar vil finne leiligheiter i forskjellig prisnivå, alt etter storleik, plassering og innhald.

Klikk her for situasjonsplan.